Høgskulen på Vestlandet får fire fakultet

Høgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av ein større høgskule på Vestlandet saman med Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. FOTO: Høgskulen i Sogn og FjordaneHøgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av ein større høgskule på Vestlandet saman med Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen. FOTO: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Styret for Høgskulen på Vestlandet går inn for at høgskulen får fire fakultet. Det er eitt meir enn tilrådinga frå rektor.

Det skriv universitetsavisa På Høyden.

Vedtaket blei gjort torsdag. Rektor Berit Rokne skal like før avrøystinga ha åtvara om fire fakultet fordi ho meinte det fjerde ville bli for lite.

Eit fleirtal på sju av elleve styremedlemmer røysta likevel mot tilrådinga frå rektor. Det betyr at høgskulen får fire fakultet.

Dei tre største fakulteta omfattar helse- og velferdsfag, læring og undervisningsfag, og teknologi, ingeniør- og naturfag, medan det fjerde skal romma økonomiske-administrative fag, nautikk og samfunnsfag.

I vedtaket heiter det dessutan at rektor får fullmakt til å invitera andre fagmiljø med i det fjerde fakultetet.

UtskriftE-post