PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK 2017

Sjå kva som skjer på Landstinget til LNK i Ulsteinvik, 8.-9. juni!

 

Torsdag 8. juni

Tema: Språk og næringsliv

09.00     Registrering

10.00     Velkomen til Ulstein v/ordførar Knut Erik Engh og styreleiar Solfrid Borge

10.20     Kulturell opning med Frid & Glede

10.35     Åse Wetås, direktør i Språkrådet, innleier om nynorsk i næringslivet

11.10     Nynorsk og identitet i næringslivet: Monika Haanes Waagan, programansvarleg ved Aasentunet, har skrive masteroppgåve om nynorsk i næringslivet. Ho møter kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER til samtale om nynorsk i arbeids- og næringslivet.

12.30     Lunsj

13.30     Tema: Bibliotek som språkformidlar. Svein Harberg, leiar i Kulturkomiteen på Stortinget innleier.

13.45     Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforeining, innleier.

14.00     Samtale mellom Mariann Schjeide, Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane om biblioteka si rolle som språkformidlarar.

15.00     Pause, kaffi, frukt, utstillarar

15.20     Forfattar Maria Parr innleier.

15.45     Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no, presenterer Digitalt nynorskløft for barn og unge.

16.00     Årsmøte LNK

16.30     Møteslutt

18.00     Aperitiff, utstillarar og buffet – konferansier Lorentz Lunde

20.00     Konsert med Eva Weel Skram

Fredag 9. juni

Tema: Nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati

08.45     Årsmøte LNK

09.30     Pause og utsjekk

10.00     Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenbladet innleiar til politisk debatt om nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati.

10.30     Partidebatt om språk og lokaldemokrati

Helge André Njåstad (Frp), Liv Signe Navarsete (Sp), Terje Breivik (V), Magne Rommetveit (Ap) og Svein Harberg (H) møter til debatt om språk og kommunereform.

12.30     Runar Gudnason, låtskrivar og rappar i Side Brok, om å flytta heim og heim til språket

13.00     Møteslutt og lunsj

 

Les meir om landstinget her og meld deg på!

UtskriftE-post