Vil ha Venstre med på nynorskløft

Stortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge går for meir nynorsk. Foto: Venstre og Noregs MållagStortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge går for meir nynorsk. Foto: Venstre og Noregs Mållag

Sveinung Rotevatn og Peder Lofnes Hauge med fleire forslag for å styrkja nynorsken.

Denne helga skal landstyret i Venstre innstille på nytt partiprogram. I inneverande program slår Venstre fast at partiet vil «sikra ei brei og god opplæring på begge målformer» og halda på sidemålskarakteren i den vidaregåande skulen.

Stortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge vil gå lenger.

I tillegg til å halde fram med eigen karakter, ønskjer dei seg meir sidemål og tidlegare start med sidemålsopplæring i skulen.

– Eg er overtydd om at tidlegare start med sidemålsopplæring er vegen å gå. Det er absurd å byrje opplæringa midt i puberteten. Yngre elevar er langt meir mottakelege for språkinnlæring, og tidlegare start vil truleg styrke kompetansen og bygge ned fordommar, seier Lofnes Hauge.

LES OGSÅ: Rotevatn går for nynorsk grunnlov

Bøker på nynorsk i barnehagane
Rotevatn og Lofnes Hauge vil at barnehagane skal få bøker og lydbøker på nynorsk, og at elevar i bokmålsområde skal få møte nynorsk i andre fag enn norsk.

– Korleis tenkjer de å sikre at alle barnehagar skal få bøker og lydbøker på nynorsk?

– Det kan vere ulike vegar til ei slik målsetting, men vil nok krevje ei øyremerka nasjonal satsing. Så kan ein vurdere på sikt om ein skal gjere det til eit krav i samband med tildeling av barnehagetilskot i kommunane. Det viktigaste er at barnehageborn får møte også nynorsk litteratur, seier Peder Lofnes Hauge.

LES OGSÅ: Det blir nynorskløft i Bergen

Nynorsk i lærarutdanningane
Rotevatn og Lofnes Hauge ønskjer seg meir språkmektige lærarar og at elevane skal få møte meir nynorsk, både i skulekvardagen og i samfunnet elles.

– Lærarutdanningane må sørgje for kompetente språklærarar, og studentane må bli rusta til å undervise i og på både nynorsk og bokmål, både fordi elevane fortener språkmektige lærarar, men og fordi lærarar skal kunne ta seg jobb i heile landet, seier Peder Lofnes Hauge.

– Vi vil at norske elevar skal få møte meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, både i barnehagen, på skulen, i aviser og på internett, seier Sveinung Rotevatn.

Landsmøtet til Venstre er i Ålesund 31. mars.

Utfordrar partia
Noregs Mållag har sett opp fem punkt som dei utfordrar partia på før Stortingsvalet.

– Dei nye framlegga til Venstre er gode, og tar tak i fleire av desse punkta me har sett opp seier Marit Tennø, politisk rådgjevar i Mållaget til Framtida.no.

Rett til opplæring på eige språk i ungdomsskulen er ikkje med på lista til Rotevatn og Lofnes Hauge, men i haust var partiet med på å sikra fleirtal for å greia ut det som blir kalla for Odda-modellen.

LES OGSÅ: Venstre vil ha nynorskløft i budsjettet

UtskriftE-post