Målungdomen: – Vipps oss nynorsk

Synnøve Marie Sætre si melding til bankane er klar: - Vipps oss nynorsk! Foto: Mia Holvik og Ole Gunnar Dybvik/Norsk MålungdomSynnøve Marie Sætre si melding til bankane er klar: - Vipps oss nynorsk! Foto: Mia Holvik og Ole Gunnar Dybvik/Norsk Målungdom

Heile 105 norske bankar melde i februar at dei skal gå saman med DNB om å utvide mobilbanktenesta Vipps. Leiaren i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, meiner appen også må kome på nynorsk.

Vipps, som gjer at du kan overføre pengar frå mobilen med få tastetrykk, er allereie ein populær teneste med om lag to millionar brukarar. Når bankane no skal samarbeide, aukar truleg brukartalet.

Finst berre på bokmål
I dag finst Vipps berre på bokmål. Det meiner Norsk Målungdom er problematisk.

– Fleire av bankane som no har gått saman med DNB om Vipps ligg i nynorskområde. Desse bankane, til dømes Sparebanken i Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, nyttar ofte nynorsk i marknadsføring og i til dømes nettbanken, seier Sætre.

LES OGSÅ: No får du Målungdomen-kondom

Brukartilpassing
No vil Norsk Målungdom at bankane som nyttar nynorsk skal bidra til den språklege jamstellinga i Noreg.

– Me vil at nynorskbankane skal gå saman og krevje at DNB utviklar eit nynorsk språkval i appen, så alle som vil kan bruke nynorsk også når dei overfører pengar.

Ho meiner også at bankane her får ei fin moglegheit til å vise språkleg medvit, styrke det norske språkmangfaldet, og til å tilpasse tenesta til brukarane sine.

– Mange av dei potensielle Vipps-brukarane skriv på nynorsk til vanleg. Det er viktig at desse får halde fram med å møte språket sitt i banken.

Sætre meiner at mykje kunne vore løyst med ein språkvalsfunksjon. Meldinga hennar til bankane er klar:

– Vipps oss nynorsk! avsluttar ho.

UtskriftE-post