Målmannen Torolv Hesthamar er død

Torolv Hesthamar var ei drivkraft bak skipinga av Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

Den tidlegare ordføraren i Ullensvang og målmannen Torolv Hesthamar døydde 7. mars, 92 år gamal.
 
Torolv Hesthamar vart fødd i Kinsarvik 6. september 1924. Jordbruksskulen gjekk han på Hesthamar i 1943. Han sat i heradsstyret i Ullensvang i 24 år (for Senterpartiet), av desse 16 år som ordførar (1976–1991). Han var mellom anna med på å kjempa fram aksept for å nytta «herad» i kommunenamn.
 
Ullensvang Mållag var han leiar for i perioden 1994–2004 og arbeidde då laget opp slik at det i 2003 hadde eit medlemstal på heile 254. Laget skipa til møte, konsertar og utstillingar, delte ut målprisar og gav ut bøker.
 
Hesthamar har vore medlem i styret for Hardanger Folkemuseum og Ullensvang Kunstlag og har gitt ut gardssoge. Han er ein populær kåsør, ordstyrar og skribent.
Hesthamar fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1999, vart heidersmedlem i Noregs Mållag i 2000, fekk Ullensvang Mållag sin målpris i 2008 og har fått Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn.
 
– Torolv Hesthamar var målmann på sin hals, og har hatt veldig mykje å seia for nynorsken, mellom anna som ein av dei som var med på å stifta LNK, seier styreleiar i LNK og noverande ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge.

 

Utskrift E-post