Fleire melder seg inn i Mållaget etter Høgre-vedtak

Magne Aasbrenn var skuffa over vedtaket til Høgre. Foto: Noregs MållagMagne Aasbrenn var skuffa over vedtaket til Høgre. Foto: Noregs Mållag

Noregs Mållag fortel om auka medlemstal etter at Høgre sitt landsmøte vedtok å fjerne sidemålskarakteren. 

I helga vedtok Høgre sitt landsmøte å framleis gå inn for å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. 

 – Når fleirtalet i Høgre vil fjerne sidemålet, fjernar dei kunnskap om kulturarv, identitet, språk og kultur både frå bokmåls- og nynorskelevar, sa ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

I dag skriv nestleiar Jens Kihl på Twitter at 34 personar har meldt seg inn i Noreg Mållag i dagane etter Høgre sitt landsmøte.

UtskriftE-post