Undersøker haldningar til dialekt



NRK vil undersøke kva publikum meiner om dialektbruk i eteren.

Statskanalen skal i samarbeid med Høgskulen i Hedmark og Språkrådet gjennomføre ei undersøking der dei spør korleis publikum opplever auka bruk av dialekt og utanlandske aksentar på TV og i radio, melder Nationen.

- Vi undersøker kva folk faktisk forstår og kva dei synst om språkbruken, seier leiar av NRKs eige språkutval, Brynjulf Handgaard, til Dagbladet. Som ein hovudregel skal NRK sine nyhende framførast på nynorsk eller bokmål, men i seinare tid har også dialektar fått større rom i NRK.

Handgaard seier enkelte leiande språkfolk har reagert på dette. Samstundes understrekar han at NRK ser det som ein styrke å ha medarbeidarar med andre morsmål enn norsk.

Har fått svar
LNK si spalte Sommarsnakk stilte spørsmålet i 2007 og 2008: "Meir dialekt i NRK, bra eller dårleg?"

Dette er kva dei ulike svarte:

Per Egil Hegge, Aftenposten: Dårleg, fordi så mange trur at dei ikkje treng arbeide med språket når dei brukar dialekt.

Magni Flyum, Nynorsk kultursentrum: Dialektane speglar mangfaldet i Noreg og bør absolutt vere ein del av språkbiletet i NRK. Likevel meiner eg at NRK bør nytte ein stor del normert språk, både nynorsk og bokmål. Det ein høyrer og les i media er ein av dei viktigaste referansene folk har når dei utviklar språket sitt.

Kjetil haanes, Norsk Presseforbund: Det er bra for alle, ikkje minst for dei mange språksløve med dårleg utvikla språkøyre.

Geir Gråbein Nordby, Rammsund: Bra. Vi treng å byggje opp ei forståing for dialektar frå barndommen. Det blir for dumt om ein ikkje forstår menneske frå sitt eige land. Eg har ikkje inntrykk av at dette har vore noko problem til no, men vi kan stadig bli betre. Eg vil og gjerne leggje til at sidemål i grunnskulen er viktig, fordi ein må tenkje meir over gramatikken, sunt for hjernen å få trimma seg på det logiske planet. Den som meistrar logisk tenking, har eit friare sinn.

Kari Traa, kulekøyrar: Det tykkjer eg er veldig bra! Det er mykje meir dialekt i NRK no enn tidligare. Det gjer at austlendingane forstår oss dialektknotarar betre.

Oddvar grøthe, ordførar i Hemsedal: Eg synest dialektbruk i NRK og andre etermedia er positivt. Det er med på gje dei unge mot til å ta vare på dialekta si, og dermed ta vare på mangfaldet.

Arvid Fodnes, Målrock: Veldig bra.

Magnhild Meltveit Kleppa, kommunalminister (Sp): Bra, men med eit visst atterhald ! Nynorsk må høyrast, ikkje berre skrivast og lesast! NRK har eit ansvar for å gjera nynorsk munnleg kjent og normalisert!

Gunhild Berge Stang, Noregs Ungdomslag: I alle fall ikkje dårleg.

Bente Riise, redaktør i Syn og Segn: Dialektane er kanskje vårt viktigaste språklege arvegods, og det er viktig å sleppe dei til på eteren, men ikkje slik at nynorsken blir skadelidande.

Dersom dialektane tek for mykje over for nynorsk, vil det føre til at nynorsk står svakare om nokre år. Eg trur det er viktig at nynorsk får ein sterkare posisjon i både NRK, TV2 og nærradioane. Dialektane står sterkt nok, trur eg.

UtskriftE-post