MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | - Me vil òg engasjere oss
tysdag 16. juni 2009 00:00    Skriv ut E-post
- Me vil òg engasjere oss



Garborgsenteret utfordrar no ungdommen på kva som må til for å få fleire unge politisk engasjerte.


Via det toårige pilotprosjektet Mot til å meina skal ein prøve å auke den politiske interessa og deltakinga i tre utvalde kommunar i Rogaland, Sauda, Hjelmeland og Time. Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.

Fleire unge på listene
Bakgrunnen for prosjektet er samfunnsengasjementet til Arne og Hulda Garborg. Hulda var til og med den første kvinna i kommunestyret i Asker. Difor ynskjer Garborgsenteret å bruke livshistoriene deira for å få fleire til å engasjere seg.  Den tydelege tendensen i samfunnet er no at veldig mange, spesielt blant dei unge, vel bort det å vere politisk aktiv, og bruke stemmeretten sin.

Mot til å meina ynskjer å endre dette. Målet er å få fleire ungdommar på listene til lokalvalet i 2011, samstundes som ein aukar prosenten av dei som bruker stemmeretten sin.  Prosjektet er finansiert av kommunane, Kommunal – og regionaldepartementet og næringslivet.

Nyleg var gruppa med ungdommar samla i Stavanger der dei blant anna fekk prøve seg på rollespelet Deadline. Her blei ungdommane kasta ut i livet som journalist i ein hektisk redaksjon. Dei fekk også møte unge folkevalde, sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland og direktør i Startsiden Espen Udland.

Ei viktig stemme
- Det ser veldig interessant ut. Eg trur det er viktig at me også kan vere med å påverke politikken, seier Maria Ljung (17) frå Sauda. Ho er sjølv ikkje politisk engasjert i dag, men meiner det blir viktig å setje seg inn i kva partia står for når ho blir gamal nok til å stemme.

Også Anja Røyrøy Pettersen (17) frå Sauda meiner dette er eit positivt prosjekt.

- Det er kjekt at me og kan få bidra sjølv om me er unge, meiner ho og legg til: 
- Me må i alle fall få vite meir om det. Viss det er ungdomsråd eller ungdomsparti i kommunen vår må me få vite om det.

Politikk er fjernt for mange ungdommar, meiner gruppa. Men dei er ikkje i tvil om kva arena politikarane bør møte på.

-  Politikarane burde bli flinkare til å bruke nettet, det er der me er, meinte fleire.

Andre meinte politikk var kjedeleg, og meinte politikarane burde høyre meir på ungdommen og kva saker dei er interesserte i. Fleire la vekt på at ungdommen også har viktige stemmer i samfunnsdebatten.

- Det er ingen tvil om at dette prosjektet er naudsynt, meinte Maria Ljung.

Ungdommane valde også ein eigen annonsekampanje som skal fylgje prosjektet. ”Synes du er greitt å få 5000 kroner i bot for å pissa der duene skit?” er bodskapen på den eine annonsen.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Gloppar fekk siste landslagsplass
    Glopparen June Andenæs er som siste spelar utteken til handballandslaget sine siste samlingar før OL i London. Men noko OL siktar ho seg ikkje inn på.
  • No kan du køyre over Gaularfjellet
    Etter å ha vore stengt i over ei veke vart Gaularfjellet opna att måndag føremiddag. Vegvesenet håpar dei skal sleppe å stengje fjellet om natta.
  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.
  • 40 prosent av våronna gjenstår
    I Hedmark gjenstår ennå 35-40 prosent av våronna. Det er tre ganger mer enn vanlig. – Jeg kjenner jeg blir stressa av å vente, sier Løten-bonde Kristian Dotterud.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009