MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Om LNK | Om LNK
Skrive av Redaksjonen    søndag 26. juli 2009 12:35    Skriv ut E-post
Om LNK

 

Kva er LNK? Administrasjon
LNK tilbyr Handlingsprogram
Styret Årsmelding
Vedtekter Leiartalar

Presentasjon av LNK - trykk på ikonet
PPT (2,2 MB)

KVA ER LNK?

Kart over nynorskenLandssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak, som har som føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

LNK skal arbeide for å skape positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.

LNK tek på seg å vere talerøyr for medlemene og spreie informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.

På desse sidene vil du kunne finne ut kva som skjer i LNK og kven medlemene våre er. Vi presenterer kursopplegga våre og det som ligg føre av trykt materiell og tilfang. Føresegner og arbeidsprogram for organisasjonen er lagt ut og vi har peikt på ein del internettsider som truleg er av interesse for medlemene våre.

  • LNK arbeider for auka bruk av nynorsk i offentleg verksemd
  • LNK arbeider for auka nynorsk kompetanse i det offentlege, for å få fram praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarane og for å utvikle oppdaterte, rimelege og brukartilpassa opplæringstilbod i nynorsk offentleg språk
  • LNK er ein interesseorganisasjon for nynorskbrukarar i kommunal sektor og ein samarbeidspartnar for stat og private verksemder og organisasjonar, i arbeidet for nynorsk språk
  • LNK tek opp og fremjar spørsmål som tek vare på interessene til medlemene, og driv haldningsskapande arbeid overfor Kommunenes Sentralforbund, departementa, bransjeorganisasjonar og andre
  • LNK samordnar nynorskbrukarane sine rettar når det gjeld nynorsk i materiell til bruk i kommunen, i skulen og i informasjon retta mot publikum.
  • LNK set søkjelyset på aktuelle saker gjennom kurs, konferansar og anna. Døme på slike saker er utvikling av nynorske hjelpemiddel, kommunalt informasjonsarbeid og språkbruk, reglane om parallellutgåver av skulebøker, fastpris-ordninga for bøker, reglane i utdanningslovene om målformer og målbruk, kulturarbeid blant barn.

Til toppen

LNK tilbyr

  • "På saklista" - kurs i språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga
  • "På saklista" - nynorsk språkbruk i statsforvaltninga
  • Kurs og materiell til bruk i norskundervisninga
  • Informasjons- og rettleiingstenester
  • Oversikt over nynorsk materiell til offentleg administrasjon, skule, barnehagar o a
  • Meldingsbladet LNK-avisa: kjem ut med fire til seks utgåver i året og vert sendt til alle medlemene våre og ei rekkje andre samarbeidspartar/interesserte. Be om å få tilsendt siste nummer
  • Seminar og konferansar om språk og språkpolitikk - med særskild relevans for tilsette i stat og kommunar

Til toppen

Styret

Astrid Myran

 

Laura Seltveit

  • Laura Seltveit
    Sauda kommune, 4200 Sauda
    tlf. 52 78 63 00
    Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

 

Rune Øygard
  • Rune Øygard
    Vågå kommune, 2680 Vågå
    tlf. 61 29 36 05
    Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Solfrid Borge
  • Solfrid Borge
    ullensvang herad, 5780 Kinsarvik
    tlf. 53 67 15 00
    Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

Gunnar Strøm
  • Gunnar Strøm
    førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda
    tlf: 489 91 856
    Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 


Varafolk:

Nils R. Sandal
Sogn og Fj. fylkeskommune, 6863 Leikanger
Olaug Grana

Bjørn Fredrik Nome
Fyresdal kommune

Til toppen

Administrasjon

Vidar Høviskeland
dagleg leiar
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Telefon: 22 33 14 00
Telefaks: 53 43 20 51

Til toppen

Handlingsprogram 2011-2013

Trykk  her

Til toppen

Årsmelding

2009-2010 2007-2008 2005-2006 2003-2004 2001-2002 1999-2000

Til toppen

Vedtekter

Vedtekter for Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Sist oppdatert ( onsdag 25. mai 2011 10:30 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009