MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Pressemelding | Pressemelding: Staten må ta ansvar
Skrive av Redaksjonen    måndag 15. februar 2010 01:00    Skriv ut E-post
Pressemelding: Staten må ta ansvar

Pressemelding: - Staten må ta ansvar.

Ein kommentar frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til oppslaget om nynorsk for innvandrarar på morgonsendinga til NRK fredag 12.02.10.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/608903 (18.45 minutt ut i programmet)

- LNK har i mange år på ulike måtar pressa på for å få staten til å ta eit større og direkte ansvar for å få arbeidd ut læremiddel på nynorsk for innvandrarar. Staten har på si side gjeve det praktiske ansvaret til Vox som vi samarbeider med om å få omarbeidd gode læremiddel på bokmål til nynorsk, få trykt ordbøker på fleire språk og få lest inn på cd standard nynorsk tale det som er i trykte læremiddel. Vi har fått utretta ein del, men det klart at det står uhorveleg mykje att når forholdet mellom målformene er som ein til tjue, seier styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle.

- Her er to forhold: på den eine sida mange års forsømingar frå staten si side når det gjeld å sjå til at det verkeleg blir produsert læremiddel på nynorsk i norskopplæringa for innvandrarar. Det gjeld ordbøker på svært mange språk, lesebøker, grammatikkar, cd-ar osb. Eg meiner å ha registrert at det finst tjue gonger så mykje opplæringsmateriell for flyktningar og innvandrarar på bokmål som på nynorsk. Etter mitt syn ville det ha vore ein stor fordel om ein hadde ein tilsvarande regel som for grunnskule og vidaregåande skule at alt læremateriell skulle vere tilgjengeleg til same tid og same pris på bokmål og nynorsk, meiner Dahle.

Han legg også vekt på at læreverket NorskPluss er såpass komplett at dei lærarane og kommunane som ønskjer at norskundervisninga skal vere på nynorsk, kan gjere det med godt samvit. Jan Magne Dahle meiner rådmenn og kommunestyre her må ta ansvar og vedta endringar.

- Det kan kjennast tungt å skifte undervisningsmålform for lærarar som i mange år har basert seg på eit godt utval av undervisnigsmateriell på bokmål, til noko som ikkje er så variert, men som likevel er tilfredstillande. LNK registrerer også at det i somme nynorskkommunar er folk som har ansvar for tilrettelegging av undervisning som argumenterer med at flyktningar og innvandrarar er best tente med å lære bokmål. Skal LNK lykkast med å få til ein god variasjon i læremiddel på nynorsk for desse gruppene, er det viktig at desse læremidla blir tekne i bruk, seier Jan Magne Dahle.

For meir informasjon, ta kontakt med

styreleiar i LNK,

Jan Magne Dahle

97 15 76 80

Sist oppdatert ( tysdag 02. november 2010 09:41 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Gloppar fekk siste landslagsplass
    Glopparen June Andenæs er som siste spelar utteken til handballandslaget sine siste samlingar før OL i London. Men noko OL siktar ho seg ikkje inn på.
  • No kan du køyre over Gaularfjellet
    Etter å ha vore stengt i over ei veke vart Gaularfjellet opna att måndag føremiddag. Vegvesenet håpar dei skal sleppe å stengje fjellet om natta.
  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.
  • 40 prosent av våronna gjenstår
    I Hedmark gjenstår ennå 35-40 prosent av våronna. Det er tre ganger mer enn vanlig. – Jeg kjenner jeg blir stressa av å vente, sier Løten-bonde Kristian Dotterud.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009