MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Landstinget 2011 | Pressemelding: - Lokalaviser viktige for språkleg identitet
Skrive av Redaksjonen    torsdag 28. april 2011 16:34    Skriv ut E-post
Pressemelding: - Lokalaviser viktige for språkleg identitet

Avtroppande styreleiar i LNK, Jan Magne Dahle, peika på den viktige rolla lokalavisene har for det nynorske språket i sin siste leiartale på Sand i Suldal.

- Slik eg ser det, har lokalavisene spelt ei avgjerande rolle i danninga av språkleg identitet hos generasjonar av skuleelevar, sa han til dei rundt 100 frammøtte på landstinget til Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK).

 

Dahle la vekt på at skulen og norskfaget også er ein viktig arena for å byggje språkleg identitet. Diskusjonane om målformene i norskfaget uroar Dahle.

- Det hastar med å finne gode tiltak som kan gjere norskfaget med målformene nynorsk og bokmål til eit fag som har prestisje, og der det gjev status å kunne skrive godt og korrekt norsk uansett målform, meinte LNK-styreleiaren.

- Dessutan, og det er det viktigaste: Ei endring i retning av frie val når det gjeld krav til kompetanse i begge målformer i grunnskulen og i studieretningar som kvalifiserer til våre høgste utdanningar, kan raskt endre statusen til det nynorske skriftspråket frå å vere eit nasjonalspråk til å bli eit reservatspråk, heldt han fram.

Kva har så organisasjonen LNK gjort for å gjere det lettare å vere nynorskbrukar, spurde Jan Magne Dahle i leiartalen.

- Svaret er mellom anna at vi også produserer mykje tekst. Dels er denne teksten i blad- eller magasinformat, men det meste er nettbasert. Vi har sett det slik at om ikkje nynorsken blir synleg på nett, så vil målforma ha vanskeleg for å overleve som nasjonalt språk, var svaret han gav.

Jan Magne Dahle har vore styreleiar for LNK i åtte år.
Sist oppdatert ( torsdag 28. april 2011 16:37 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.
  • 40 prosent av våronna gjenstår
    I Hedmark gjenstår ennå 35-40 prosent av våronna. Det er tre ganger mer enn vanlig. – Jeg kjenner jeg blir stressa av å vente, sier Løten-bonde Kristian Dotterud.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009