MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Landstinget 2009 | Etterlyser nyskaping
Skrive av Redaksjonen    torsdag 28. mai 2009 00:00    Skriv ut E-post
Etterlyser nyskaping

Tron Bach er tilsett som samfunnsutviklar i Tysnes kommune. Prosjektet 3012 skal gi fleire innbyggarar og vekst i lokalsamfunnet.

Bach har brei erfaring frå ulike hotellverksemder og viste sjølv interesse for jobben då Tysnes kommune søkte ein samfunnsutviklar.

- Eg kjente kommunen i veldig liten grad då eg byrja. Men eg hadde inntrykk av at det var ein laidback kommune, ein snill, hyggeleg og litt gammelmodig kommune. Kanskje litt forsiktig. Men det var ei spanande oppgåve, meiner han.

Det var under LNK sitt landsting i Loen Bach presenterte utfordringane i øykommunen Tysnes. Kommunen hadde eit overordna mål om å nå 3012 innbyggarar i løp av det to-årige prosjektet som snart går inn i det siste halvåret. i 2008 auka folketalet med 20 personar medan ein har mista 8 personar første kvartal i 2009. Back legg vekt på at dette er ein tidkrevjande prosess.

- Dette er ein prosess som tek tid. Skulle ein fått til alt dette på to år må ein springe 60 - meteren konstant. Å bygge opp eit omdømme i kommunen vil ta tid. Men det er viktig å starte prosjektet. Målet å vere å finne det unike som me kan marknadsføre oss med.

I løpet av prosjektet har mellom anna Tysnes fått sitt eige slagord: Gudeøya Tysnes. Framtid på historisk grunn. Eit slagord som vart til i i samarbeid med lokalbefolkninga i kommunen. Bakgurnnen for slagordet er i følge Bach alle namna i området som har norrøne tradisjonar.

Tron Bach etterlyser no meir innovativ tankegang i øykommunen. Han ser gjerne at fleire unge og nyskapande mennesker slår seg ned i kommunen.

- Kommunen er knakande god på lovpålagde oppgåver, men me strever med lite innovative tiltak. Og me har ein utfordrande demografi med mange eldre innbyggarar, seier samfunnsutviklaren.

Prosjektet 3012 er finansiert via eit spleiselag mellom kommune og fylkeskommune.

Sist oppdatert ( søndag 26. juli 2009 14:15 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Spøkelsesjegere oppklarer fenomener
    Etter en natt på kvinnemuseet i Kongsvinger mener profesjonelle spøkelsesjegere å kunne dokumentere at de ikke var alene.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009