MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Landstinget 2009 | - Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar
Skrive av Redaksjonen    torsdag 28. mai 2009 00:00    Skriv ut E-post
- Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det sa ministeren då ho snakka om kommunal omdømmebygging på landsmøtet til LNK i Loen.

- Dei 116 kommunane som har valt nynorsk som målform er seg medvitne tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering, sa Kleppa. Ho streka under at nynorsken ikkje berre gir eit særpreg, den fortel også noko om historia.

- Den fortel noko om kva som har vorte teke inn i varmen og definert som norsk kultur, og at dette korkje har vore eller er sjølvsagt på nokon måte.  Ivar Aasen, som var sentral i språkkampen, hadde meiningar om kva vi i Noreg skulle dyrka fram i høve til kultur. Han let ikkje det rådande synet på kva som skulle vera offisiell norsk kultur stå uimotsagt. Han lanserte sitt eige alternativ, nynorsken, basert på dialektane. Det var ein kamp som skapte større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa.

Ho la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet ikkje er motsetningar.

- Å ha ståstad i eigen kultur kan styrka evna til å forstå det som er annleis. Også evna til å ta i bruk nye impulsar og ressursar. Vinje i Telemark eit døme på det. Innbyggjarane der har tatt konsekvensen av at det fleirkulturelle samfunnet er ein del av det moderne Noreg. Dei satsar på kultur og dei satsar på integrering. Tradisjon og fornying går hand i hand. Slik kan eit lokalsamfunn ta i bruk både historie og dagsaktuell røyndom når dei skal formidla og forklara folk som kjem utanfrå kven dei er. Det gir tryggleik, og det gjer menneska rausare, sa Kleppa.

Sist oppdatert ( søndag 26. juli 2009 14:13 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Spøkelsesjegere oppklarer fenomener
    Etter en natt på kvinnemuseet i Kongsvinger mener profesjonelle spøkelsesjegere å kunne dokumentere at de ikke var alene.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009