MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Landstinget 2009 | Målpris til Hordaland Teater
Skrive av Redaksjonen    onsdag 27. mai 2009 00:00    Skriv ut E-post
Målpris til Hordaland Teater

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 går til ein særs viktig kulturinstitusjon på Vestlandet, nemleg Hordaland Teater.


Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte tidlegare i dag ut prisen til Hordaland Teater for produksjonen Vestlandsrevyen.

Det er Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK)  som gir ut denne prisen annakvart år. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men den kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993.

- Hordaland Teater er ikkje meir enn 20 år gamalt, men har verkeleg sett spor etter seg gjennom desse to tiåra, uttalte Kleppa då ho delte ut prisen.

- I 1997 fekk dåverande teatersjef Arvid Ones ein glimrande ide. Han ville vise fram den vestlandske sjela, på godt og vondt  - men kanskje aller mest på løye. Han tromma saman Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Halvor Folgerø, Claus Sellevoll og Olav Stedje. Saman skulle dei skapa ein Vestlandsrevy som ikkje kan liknast med så mykje anna som har vore gjort. Juryen er ikkje ein gong sikker på om dette eigentleg var ein revy. I staden for å stole på gamle revytradisjonar, våga teatret og skodespelarane å stola på at dei stod framfor eit intelligent publikum, sa Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa og heldt fram:

- Gjennom skråblikk og verbale svingslag i alle retningar, gjennom tvisyn og treffsikker ironi, fekk førestillinga fram kvalitetar og haldningar hos menneske – langt ut over det vestlandske. Gjennom denne produksjonen klarte Arvid Ones og co å skape ei førestilling som gjekk for fulle hus i Bergen i 2007 og som seinare har vore på turne over store delar av landet.

- Eg er stolt og litt rørt, seier Arvid Ones og lova med det same ein oppfylgjar på vestlandsrevyen i 2011.

Pris for offentleg målbruk vert delt ut av Landsamanslutninga av nynorskkommunar annakvart år, og består av ein sjekk på kr 50 000, og eit trykk av kunstnaren Ludvig Eikaas. Trykket heiter ”Tidt eg minnest” og motivet er henta frå Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. I den grad det var ein raud tråd i Vestlandsrevyen – så var det truleg arven etter Ivar Aasen.

Pris for offentleg målbruk 2009 går til Hordaland Teater for produksjonen ”Vestlandsrevyen”.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Spøkelsesjegere oppklarer fenomener
    Etter en natt på kvinnemuseet i Kongsvinger mener profesjonelle spøkelsesjegere å kunne dokumentere at de ikke var alene.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009