MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Presse | Landstinget 2009 | Vil ha meir nynorsk i riksmedia
Skrive av Redaksjonen    onsdag 27. mai 2009 00:00    Skriv ut E-post
Vil ha meir nynorsk i riksmedia

Styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, meiner mange redaktørar i riksmedia diskriminerer nynorsken. På den andre sida meiner han unge nynorskbrukande journalistar som Ronny Brede Aase i P3 og Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er gull verdt i målkampen.

Det var i landsmøtetalen under opninga av landstinget til LNK på Alexandra Hotel i Loen tidlegare i dag styreleiaren sette fokus på det han meiner er diskriminering av nynorsken.

- Vi treng difor nasjonale politikarar som kan seie til redaktørar i riksmedia at kravet om måljamstelling i redaksjonane ikkje har noko med autoritære styresett å gjere, men derimot er det i Ivar Aasen si ånd eit demokrati- og nasjonsbyggingsprosjekt. Det vil heller ikkje føre til normløyse og kaos i redaksjonane om ein aukar talet på tillatne målformer frå ei til to, seier Dahle.

Blant anna trakk han i talen fram Tor Fuglevik sitt uspel om at ein bør setje nynorskkrav til dei avisene som får pressestøtte. Fuglevik var tilsett i NRK i ei årrekkje, medlem i Norsk Redaktørforening i over 25 år og medlem av Språkrådet i om lag fire år. I eit innlegg i Dagens Næringsliv i midten av januar seier Fuglevik mellom anna følgjande:

”Det er mindre enn fem år siden Stortinget satte som overordnet mål at nynorsk og bokmål skal sikres som fullverdige, likestilte bruksspråk i det norske samfunnet. Så lenge nynorsk stenges ute av de nasjonale mediehusene, kan dette overordnede målet umulig nås. Og før denne situasjonen opphører, er norsk som språk heller ikke fullt ut samfunnsbærende.”

- Fuglevik sin bodskap er at det må setjast krav til den som får direkte pressestøtte (300 millionar kroner i året) og til dei som får indirekte støtte i form av fritak for meirverdiavgift (1300 millionar kroner i året). Han viser til stortingsmeldinga ”Mål og meining” og hevdar at Stortinget bør ta eit oppgjer med den langvarige og systematiske nynorskdiskrimineringa ved til dømes å gjere momsfritaket om til direkte, målretta pressestøtte og knyte som vilkår til støtta at dei nasjonale mediehusa ikkje berre gir nett- og papirjournalistane sine fridom i målform, men aktivt arbeider mot ein nærare bestemt prosentdel nynorsk, meiner Jan Magne Dahle og seier vidare:

- Tor Fuglevik får positiv respons for meiningane sine i regionaviser medan Bernt Olufsen i VG og Hilde Haugsgjerd i Aftenposten går i vranglås og Dagbladet i stor grad nyttar den kjende utvegen å snakke om noko anna og tilleggje motdebattantane meiningar dei ikkje har. Dei nasjonale mediehusa får viljen sin ved at kulturdepartementet og dermed regjeringa og stortingsfleirtalet ikkje vil røre ved prinsippet om at val av målform er ein del av redaktørplakaten. Og Tor Fuglevik får ikkje vervet som 2. vara i Oslo Redaktørforening. Han er ikkje til stades på årsmøtet, men han skulle gjerne ha vore vitne til dramatikken. Elles tek han ikkje tapet svært tungt.

Dahle meiner trekk fram språkmeldinga Mål og meining som den store og positive hendinga for nynorsk sidan førre landsting.

- Desse argumenta og mange fleire finn vi i ”Mål og meining”. Det er difor på tide at vi forlangar mindre arroganse og meir klokskap i nokre store redaksjonar. Dersom det ikkje skjer, og nasjonal språkpolitikk blir medvete sabotert, så bør sabotasjen vere unntatt frå statsstøtte i milliardklassen, slår han fast.

Dahle trekk også fram dei unge nynorskbrukande journalistane som ei motvekt i debatten.

- Etter mitt syn er unge folk som Ronny Brede Aase og Ingvill Tandstad gull verdt for nynorsken. Dei gjer nynorsken kjent som radiospråk og bruksspråk i ungdomsmiljø. Det kan ha som verknad at andre ungdommar blir meir frimodige til å halde på skriftspråket sitt, det kan motverke fordommar, og det kan gjere det lettare for bokmålsungdom å betre kompetansen sin og resultata sine i norsk som fag, seier Dahle.

- Ingvill Tandstad vil at nynorsk skal vere eit nasjonalt språk, og ho nyttar det som journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen. Det blir ikkje upåtalt, men ho let usaklege tilbakemeldingar vere det dei er. For sin konsekvente nynorskbruk har ho svært fortent fått Alf Helleviks mediemålpris. Lat meg også ta med den siste prisvinnaren som enno ikkje har fått prisen sin. Prisen vil bli delt ut under Dei Nynorske Festspela i år. 22 år gamle Ronny Brede Aase får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Han er ein sprek og særeigen språksjonglør som har arbeidd som platepratar i NRK P3 i snart to år og har merkt seg ut som nynorsk- og dialektbrukar i radioen og som bloggskrivar i ungdomskanalen, seier Dahle.

Landstinget til LNK starta opp i dag i Loen.

 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Ica-butikk ranet med kniv
    En Ica-butikk på Storhaug i Stavanger ble tirsdag formiddag ranet med kniv av en mann. Raneren fikk med seg kassabeholdningen.
  • Varslar rekemangel i sommar
    Rekefiskarar på Vestlandet fortvilar over svært dårleg fiske. – I sommar blir det garantert rekemangel, er meldinga frå fiskarane.
  • Her skal dritten din samles
    Nesten 300 millioner kroner skal brukes på å ruste opp renseanlegget på Odderøya i Kristiansand.
  • Økt fokus på fattige barn
    Nav innrømmer at de har vært for dårlige til å se barna i fattige familier. Nå skal de dårligst stilte barna få mer hjelp i Kristiansand.
  • Gravstøtter veltet i Porsgrunn
    Opptil ti gravstøtter er veltet på kirkegården ved Østre Porsgrunn kirke. – Å ødelegge et gravsted er som å rippe opp i gamle sår, sier Myrteza Ahmeti, som har datteren sin liggende på kirkegården.
  • Par svindlet til seg 6 millioner
    En 51 år gammel mann og hans 46 år gamle kone fra Nøtterøy er i Tønsberg tingrett dømt til fengsel for å ha svindlet til seg over seks millioner kroner.
  • Spøkelsesjegere oppklarer fenomener
    Etter en natt på kvinnemuseet i Kongsvinger mener profesjonelle spøkelsesjegere å kunne dokumentere at de ikke var alene.
  • Helstad kan bli LSK-spiller
    Thorstein Helstad (35) kan nå bli Lillestrøm-spiller og igjen bli lagkamerat med Petter Vaagan Moen. 35-åringen fra Vang i Hamar er nå i franske Monaco.

Nytt frå Framtida

  • Dei grøne universiteta

    – Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.

  • – Bustad bør vere ein rett

    Leiarkandidat for Sosialistisk ungdom, Andreas Halse, om korleis ungdom kan få meir makt og kva som må gjerast med bustadpolitikken.

  • Bøndene gav lyd frå seg

    Utstyrte med bjøller marsjerte bønder frå heile landet gjennom gatene Oslo for å setje punktum for aksjonsveka etter brotet i landbruksoppgjeret.

  • Noregs mest attraktive stad

    Ulstein kommune er kåra til vinnar av Statens pris for attraktiv stad 2012.

  • SMS gjev sannferdige svar

    Ny forsking syner at folk er meir ærlege når dei skriv enn når dei snakkar saman.

  • Suu Kyi til Oslo 15. juni

    Fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi kjem til Oslo 15. juni og skal halde nobelforedraget sitt dagen etter, opplyser direktør Geir Lundestad ved Nobelinstituttet.

  • Mykje hoggorm i sommar

    Skal du på tur i skogen i år, bør du sjå opp for hoggorm. I år er det venta ekstra mykje av den sikksakkmønstra skapningen.

  • Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

    Nynorsk litteratur er kraftig underrepresentert i programmet for barn og unge under Norsk litteraturfestival, seier litteraturkritikarar.

  • Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

    Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

  • – Krev bompengar på dei fleste vegar

    Noreg bør leggje kraftig om dagens system for finansiering av veg og jernbane, er konklusjonen i ein fersk rapport.

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009