|
Skrive av Redaksjonen
måndag 25. mai 2009 00:00 |
|
|
|
|
Fokus på omdømmebygging
|
|
Landssamanslutninga av Nynorskkomunar (LNK) set mellom anna fokus på omdømmebygging under landstinget på Alexandra Hotel i Loen denne veka.
- Me er svært glade for at kommunalministeren vil kome til oss og fortelje om storsatsinga som departementet legg opp til når det gjeld omdømmebygging i kommunane. Elles vil me gi mange døme på korleis kommunane faktisk arbeider med dette i kvardagen, seier dagleg leiar Vidar Høviskeland og legg til:
- Det er tre ulike tema på landstinget i år, men sjølv om dei kan sjå ulike ut, heng dei saman. Alt handlar om å skape vilje til å bu i ein kommune.
27. til 29. mai skal landstinget til LNK fokusere på omdømmebygging, arbeidsinnvandring og vern kontra vekst i lokalsamfunnet. Landstinget vert arrangert på Hotel Alexandra i Loen. LNK er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak, som har som føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.
Eit sentralt tema under landstinget er arbeidsinnvandring. Det kan kanskje høyrast merkeleg ut, meiner Høviskeland, sidan arbeidsløysa no stig i privat sektor. Likevel trur han at rekruttering frå utlandet vil vere sentralt også i tida som kjem, kanskje særleg innafor omsorgsyrka. Han trekk mellom anna fram professor Stein Ringen som vil snakke om arbeidsmigrasjon i Europa.
- Fredagen skal me snakke om vern og vekst. Me vil freiste å synleggjere at både verneverdige naturområde og kulturminne er ein ressurs som kan brukast, og me ynskjer å stille spørsmål ved om ikkje eit langstrakt land som Norge bør ha eit meir differensiert lovverk på dette området, seier Høviskeland.
For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar i LNK Vidar Høviskeland 22 33 14 00
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
|