Pressemelding: Kunnskap skal styra rike og land?

Viss ungdom kan få velje vekk ei av dei to målformene våre, er det som om dei fekk velje vekk ein del av kulturarven vår, seier Vidar Høviskeland i denne pressemeldinga:

Kunnskap skal styra rike og land?

I valkampen har representantar for Høgre  og FrP teke til orde for å gjera ”sidemål” valfritt. I følgje desse partia skal altså faget norsk styrkjast ved at elevane skal få høve til å læra mindre norsk!

Dersom ein gjer eit skulefag valfritt, vil dei aller fleste elevar velja det vekk.  FrP og Høgre  vil altså styrkja norskfaget i skulen ved å la elevane kunna velja vekk bokmål  i nynorskområde, eller nynorsk i bokmålsområde.  Når dei same partia blir utfordra på skulepolitikk elles, plar omkvedet  vera  at det trengst meir kunnskap, meir lekser  og meir disiplin i skulen.  Men i det viktigaste basisfaget, norsk, ønskjer desse partia altså å redusera kunnskapen.

Dette heng ikkje saman. Faget norsk er sett saman av dei to språkformene nynorsk og bokmål.  Begge formene er umistelege delar av den norske kulturarven og viktige bærebjelkar i nasjonsbygginga.  Dersom det vert opna for prinsippet om at elevar i ulike delar av landet skal kunna læra seg ulike språkformer og kunna velja vekk ulike delar av kulturarven vår, svekkjer me Noreg som nasjon.

Sjølv om somme av dei som veks opp i LNK sine medlemskommunar kanskje ville blitt glade for å sleppa å læra bokmål, må dei aldri få lov til det.

Vidar Høviskeland

Dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

 

Utskrift E-post