Fråsegn

Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga - høyringsfråsegn.
Departementet har sendt ut på høyring forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga. Forskriftene er ei oppfølging av stortingsmeldinga om lærarutdanning som kom i 2009.


Kunnskapsdepartementet


Høyring – forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanninga

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har i samband med behandlinga av stortingsmeldinga om ny lærarutdanning gjeve fråsegn om norskfaget si stilling i denne utdanninga og gav uttrykk for at LNK var svært uroa over at norskfaget ikkje var inne som obligatorisk fag for studentar ved grunnskulelærarutdanninga for 5.- 10. trinn. Vi skisserte også korleis ein kunne løyse denne utfordringa mellombels til lærarutdanninga vart femårig og norskfaget obligatorisk i all profesjonsutdanning for lærarar.

LNK er nøgd med at §2, strekpunkt 7 i ferdigheiter for kandidaten slår fast at han/ho skal
meistre norsk munnleg, norsk skriftleg både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng. Dette er likevel ikkje nok. Samanhengen mellom kunnskapar og ferdigheiter er sjølvsagde, og ein lærar i den obligatoriske grunnskulen må ha kunnskap om norsk språk for å kunne bruke språket på eit kvalifisert nivå i undervisninga. Vi gjer difor framlegg om at språkkompetanse også får ei formulering under generell kompetanse som sikrar at kunnskapane i språk er gode nok i både bokmål og nynorsk til at kandidatane kan vere språklege førebilete for alle elevar på alle nivå i grunnskulen.

LNK kan ikkje sjå at det er mogleg å oppnå den ønskte språklege kompetansen, som er ein føresetnad for grunnleggjande ferdigheiter i språk, i lærarutdanninga for 5.-10. trinn der norskfaget er valfag. Kandidatar som fullfører denne utdanninga skal ha tilfredsstillande kunnskapar i både nynorsk og bokmål fordi dei skal vere kvalifiserte til å undervise ved skular der høvesvis bokmål eller nynorsk er skriftleg opplæringsmål.

Dersom ein skal sikre at  lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen oppnår tilfredsstillande didaktisk kompetanse knytt til ulike målformer, kan det gjerast ved at fag gjev frå seg studiepoeng til fleirfaglege emne der norsk (bokmål og nynorsk) er eit viktig integrert element. Eit alternativ til dette er at ein utviklar eit grunnleggjande (eksemplarisk) emne med fag og fagdidaktikk i forhold til både bokmål og nynorsk som ikkje er knytt til studiepoeng tilsvarande praksisopplæringa. LNK vil sterkt rå til at rammeplanen/forskrifta får formuleringar som sikrar nødvendig kompetanse i norsk for lærarar i alle landsdelar og kommunar.

For ordens skuld legg vi ved fråsegna vi gav i samband med meldinga om ny lærarutdanning. Vi ber også om at LNK blir ført opp på lista over deltakarar ved Kunnskapsdepartementet sine høyringar.


Vennleg helsing,

Jan Magne Dahle                                                      Vidar Høviskeland
Styreleiar i LNK                                                       Dagleg leiar i LNK

Utskrift E-post