Pressemelding: Språk i fokus på Sand

Torsdag og fredag er det språket som står i fokus når Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) har landsting på Ryfylke Fjordhotel på Sand.

Valkyrien Allstars, nasjonale turistvegar, nynorsk barne- og ungdomslitteratur, Herborg Kråkevik, Richard Burgess og Magnhild Meltveit Kleppa er noko av det som står på menyen under språkfesten.

Torsdag føremiddag skal forfattar Ingelin Røssland, leiar i Norsk Bibliotekforening, Svein Arne Tinnesand, barnebokformidlar Janne Karin Støylen, Falturiltu-leiar Hege Myklebust og Ryfylkemuseet-direktør Roy Høibo diskutere korleis dei kan samarbeide betre for å utvikle den nynorske barne- og ungdomslitteraturen.

Prosjektleiar for Nasjonal turistveg Ryfylke, Eva Kristin Aune, kjem til å seie noko om kva nasjonale turistvegar betyr for folk flest, medan Knut Vareide i Telemarksforsking skal fortelje korleis kommunane kan bli meir attraktive.

Torsdag kveld blir det festframsyning i kulturhuset på Sand. Her skal mellom andre Valkyrien Allstars, Kulturskulen i Suldal og Herborg Kråkevik delta.

Sistnemnde skal også ha eit innlegg som er kalla Herborg Kråkevik i fri dressur fredag morgon. Etter er det lærebokforfattar og kåsør Richard Burgess som skal snakke om det norske språket.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa skal setje Diktarvegen i perspektiv for deltakarene på landstinget, og etterpå deler ho ut LNK sin pris for offentleg målbruk. Ein av dei siste som har ordet fredag er framtidsforskar Claus Mogensen frå Copenhagen Institute for Futures Studies. Han skal seie noko om korleis vi snakkar saman i framtida.

Heile programmet for det to dagar lange landstinget kan du sjå her.

 

Utskrift E-post