MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Prosjekt
Skrive av Redaksjonen    søndag 26. juli 2009 07:48    Skriv ut E-post
Prosjektoversyn

Diktarvegen
Målbruksplanar
Mot til å meina

DIKTARVEGEN

Spor etter fem kjende forfattarar skal lose deg langs Rv 13 frå Sandnes til Førde. Målet med prosjektet er å gjere Rv 13 om til den første litteraturruta i landet.

Her skal ein kunne få oppleve dei fem forfattarane : Arne Garborg frå Jæren, Rasmus Løland frå Ryfylke, Olav H Hauge frå Hardanger, Per Sivle frå Voss og Sogn og Jakob Sande frå Sunnfjord medan ein køyrer riksvegen.

Felles for desse forfattarane er at dei har sin eigen organisasjon og at det er på plass eller vert arbeidd med etablering av naturlege fysiske samlingspunkt rundt kvar av dei.

No har det vore oppstartkonferanse om Diktarvegen. Trykk her for å få program for konferansen.

Relaterte saker:
Riksveg 13 kan bli diktarveg
Rv 13 - ei litteraturrute
Stamvegstatus bra for Diktarvegen
Nyskapande vegprosjekt
Eit unikt prosjekt

 

MÅLBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har no vedteke eigne målbruksplanar. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut, men dei fleste kommunane tilpassar malen med lokale justeringar.
-Målbruksplanar er viktige av di dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane og av di dei ofte plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

Mal for målbruksplan - ei orientering
Ein målbruksplan i kommunen kan vere ein god reiskap til å skape debatt om og haldningar til korleis vi brukar språket. LNK oppmodar no alle medlemene om å nytte malen som eit utgangspunkt for diskusjon og endeleg vedtak om ein kommunal målbruksplan.

Malen bør drøftast internt, t.d. i eige eige arbeidsgrupper, og tilpassast dei konkrete tilhøva i kommunen før han blir lagt fram til endeleg behandling. Når planen er vedteken må han gjerast kjent for alle tilsette. Han bør plasserast i personalhandboka, og delast ut til alle nytilsette. LNK har sendt malen til ordførarane i medlemskommunane saman med ei oppmoding om å ta planen opp til politisk behandling.

Til malen høyrer to vedlegg som kan nyttast dersom ein ønskjer det: Utfyllande retningsliner og oversikt over praktiske hjelpemiddel.

Du kan lasta ned mal for målbruksplan her.

Opp

 

MOT TIL Å MEINA
I samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomfører kommunane Hjelmeland, Sauda og Time eit pilotprosjekt retta mot folk under 26 år. Målet er å snu trenden og auka det politiske engasjementet blant unge.

Det treårige prosjektet har som målsetjing å få fleire til å ta del i politisk arbeid, i politiske parti og politiske interesseorganisasjonar fram mot 2011. Hovudmålet er å auka talet på unge listekandidatar i kommune- og fylkestingsval, og at fleire får plass i kommunestyra. Prosjektet arbeider også for at det totalt blir større oppslutning i vallokalet frå denne gruppa ved neste kommuneval.

Sentralt i arbeidet står dei tre vidaregåande skulane som kommunane soknar til; Sauda, Strand og Bryne vgs. Det er sett ned ei gruppe med elevar frå dei tre vidaregåande skulane. Denne gruppa skal gi råd om korleis ein kan motivere ungdom til politisk engasjement og meine noko om kva som må til for få fleire ungdommar med i politisk arbeid.

Meir om Mot til å meina:

- Me vil og engasjere oss

54 prosent av ungdommane vil ikkje ha røysterett for 16-åringar

Opp

Sist oppdatert ( torsdag 04. februar 2010 09:22 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009